måndag 22. desember 2008

laurdag 20. desember 2008

fredag 19. desember 2008

torsdag 18. desember 2008

Kakelinna

er det tradisjonelle namnet på mildversperioden som ofte oppstår før jul. Ifølgje folketrua skulle mildveret koma av all kakebakinga rundt omkring. Det vil eg berre ha sagt: det er ikkje eg som står bak kakelinna i år, nei...

onsdag 17. desember 2008

Snart "snur" sola!



På søndag (22.12.) kl 02.14 skjer det - så går det mot lysare tider!

tysdag 16. desember 2008

Julesong i skogen



NRK har naturkavalkade i kveld, så eg har i grunnen ikkje tid til dette... Men vi får ta ein liten tur ut i naturen her og...

måndag 15. desember 2008

søndag 14. desember 2008

I dag



har Barbie fått seg ny jakke. Ho treng eigentleg noko til å ha under jakka også. Det er slutt på at det var moderne å visa fram navlen - trur eg.

laurdag 13. desember 2008

Grisen Knud



er riktig søt, synest eg. Oppskrifta har eg funne på ein dansk blogg, bloggen til Liselotte - ein kjempefin blogg med mange gode idear og oppskrifter. Oppskrifta finn du her. Eg har nok brukt eit anna garn enn Liselotte, for ho seier Knud står stødig på sine små bein. Det gjorde ikkje min Knud, så eg hadde tenkt å bruka piperensarar - men kvar er piperensarane når ein treng dei? Sugerør, derimot, hadde eg i hus, så min Knud står stødig på sugerør-bein.

Så, der klarte eg å laga lenker som fungerer i dag og!

fredag 12. desember 2008

Bakedag

No er det på tide å baka lussekattar:

2 g safran
1/2 l mjølk
50 g gjær
200 g smør
1 piska egg
1/2 ts salt
3 dl sukker
2 l kveitemjøl

Egg til pensling, evt rosiner til pynt

Rør gjæren ut i litt lunka mjølk. Bland egg, resten av mjølka og det smelta smøret, hell det over gjæren (pass temperaturen). Ha i salt, sukker og safran, arbeid inn mjølet litt etter litt. Kna deigen blank og smidig, la den heva til den er dobbelt så stor.

Form deigen til lussekattar, pensla med egg, pynt evt med rosiner. Steik ved 225-250 grader, 10-15 minutt.

torsdag 11. desember 2008

Sesong for påfyll av c-vitamin



Slik oppfører aldri appelsinane eller klementinane seg her i huset... Men godt smaker dei...

onsdag 10. desember 2008

Gjensyn



med gamle vener i the julekalender. Vi har alle vårt å stri med før jul. Eg har stor sympati med Gjertrud...

tysdag 9. desember 2008

Kaldt ute



- då er det fint å sitja inne. Gjerne med ei god bok. Nissen liker å lesa om kattar, men katten bryr seg katten!

måndag 8. desember 2008

Små strikkeprosjekt

Garnstudio har ein fin julekalender med oppskrifter på saker og ting ein enno kan rekka å få ferdig til jul: http://www.garnstudio.com/julekalender.php?lang=no

På ei svensk nettside finst hundrevis av oppskrifter til Barbie: http://www.stickatillbarbie.se/

No fekk eg til og med til å legga inn lenker att. Det klarte eg ved å sjå på kodinga til eit gammalt innlegg, så fiksa eg litt på kodinga i dette innlegget. Det må då kunna gjerast på enklare vis? I starten gjekk då dette automatisk, så kvifor har ein eller annan nerd endra på det slik at eg ikkje får det til? Eller har eg lagt inn altfor mange sperrer på datamaskinen min, tru???

søndag 7. desember 2008

Peparnøtter



Seigmjuke peparnøtter

150 g romtemperert smør
4 dl sukker
2 dl sirup
2 dl varmt vatn
1 ms kanel
1/2 ms ingefær
1 ms kardemomme
1 ms natron
ca 15 dl kveitemjøl

Rør smør og sukker til ein smidig masse. Rør inn sirup og tilset vatnet. Bland krydder, natron og mjøl oppi blandinga. La deigen (innpakka i plastfolie) kvila ei stund i kjøleskapet. Trill små kuler (deigen held til ca 80 stk), legg dei på bakepapir. Steik dei ved 225 grader midt i omnen, 7-10 minutt.

laurdag 6. desember 2008

Julereint



I dag fekk eg besøk av ei venninne som viste meg mikrofiberklutar og andre produkt til miljøvennleg reingjering. Badet vart mykje trivelegare i same slengen - både for gakk-gakken og oss andre. Litt innkjøp vart det også - sjølv om eg har ein mistanke om at ikkje jobben gjer seg sjølv med nye produkt heller...

fredag 5. desember 2008

torsdag 4. desember 2008

Litt mimring



I 1995 (trur eg det var) gjekk julefergå fast på TV2 i adventstida. Slik var introen...

onsdag 3. desember 2008

Korintkaker



Det vert nok ikkje sju kakeslag til jul, men eit par kakeboksar skal eg vel få fylt opp. I dag vart det

KORINTKAKER (ca 60-70 stk)

200 g smør
200 g sukker
1 egg (romtemperert)
50 g korintar
1 ts bakepulver
2 ts kanel
300 g kveitemjøl

Rør smør og sukker kvitt. Tilset egg, korintar, mjøl, bakepulver og kanel. Deigen er ganske laus. Rull små kuler, legg dei på steikebrettet, klem dei litt flate med ein gaffel. Steik ved 175 grader i 8-10 minutt.

tysdag 2. desember 2008

Amaryllis



høyrer med til jula. No vert det spanande å sjå om dei vert like flotte som i reklamen...

måndag 1. desember 2008

Trange tider



Akkurat det der med å setja småfuglane i "takknemlighetsgjeld" - det er verd å tenka over altså... Eller for å sei det på ein annan måte: begynner ein først å mata småfuglane, så må ein også halda fram med det til våren kjem og dei kan klara seg sjølve...

søndag 23. november 2008

Ta ikkje alt for god fisk

når du les kriminallitteratur. I denne boka, Terbovens liste av Eirik Wekre får vi mellom anna ei lita utlegning om Harvard Business School (s 314). Her vert det hevda at George W. Bush gjekk på Harvard - det gjorde han ikkje - han gjekk på Yale. Obama, Al Gore og JFK har derimot gått på Harvard. Ikkje at det har noko å sei, altså, men rett skal vera rett!

Elles har eg vel ikkje noko å utsetja på boka. Dette er krim - og her går det unna. Enkelte kritikarar vil ha det til at helten er usympatisk, men ærleg talt: dersom ein skal ordna opp i ei slik sak som dette, så nyttar det ikkje med silkehanskar...

søndag 16. november 2008

Rydding av sti

Tre som ligg velta over stien er til plunder og heft på søndagsturen. Heldigvis er det enkelte som ser det som si oppgåve å rydda opp.


Dette var seig materie - men etter omtrent ein time var jobben gjort.

onsdag 12. november 2008

Nytt i heimen



For eit par dagar sidan var eg innom ein brukthandel. Der fann eg eit brett med reklame for Coca Cola, her i huset gjerne omtalt som "kapitalismens nektar". Brettet var fint, så det fekk vera med meg heim. Og så står det så godt til vottane eg held på med...

fredag 7. november 2008

Så syr vi litt...



Mobiltelefonen kan ha god nytte av ein sovepose når den skal ligga i sekk eller veske (eller i ei lomme for den del), blant nøklar og diverse.

måndag 27. oktober 2008

Det er visstnok

den internasjonale Teddybjørndagen i dag. Det må markerast, så klart. I 1902 var Theodore (Teddy) Roosevelt på jakt i Mississippi-området. Ein myte vil ha det til at dei han jakta saman med fanga ein bjørnunge, batt han fast til eit tre, og ba Teddy om å skyta den. Teddy nekta - han ville ikkje vera med på usportsleg jakt. Ein annan versjon er at jaktkameratane tykte det var for ille at gjesten ikkje hadde fått skyta bjørn, så dei fanga - og skada - ein gammal bjørn. Dei batt den skada bjørnen til eit tre og ville ha Roosevelt til å skyta den. Han nekta, og nokon teikna han saman med den skadde bjørnen. På denne teikninga var Roosevelt og bjørnen omtrent like store, men på seinare teikningar krympa bjørnen, han vart ein søt liten bamse. Stakkars gamle bamsen - han var så skada at han måtte avlivast i alle fall.

Morris Micton fekk løyve til å bruka namnet Teddy på leikebjørnar laga av loddent, mjukt tøy. Etter dette har Teddy vore ein nær og kjær venn for mange, mange barn (både små og store) i over hundre år.

Og slik kan du laga ein liten bjørn:

Og så den ultimate picnik-songen:

søndag 26. oktober 2008

Søndagstur

Enno lyser friske fargar mot ein der ute i skogen:




I dag hugsa eg å ta på meg skritteljaren. Den viste 16640 skritt etter turen, det tilsvarer 9,98 km. Jau, den var nullstilt før turen starta, tenk! Men vi vil ikkje risikera kaloritap etter søndagsturen, så då måtte det lagast

EPLEKAKE

150 g sukker
150 g smør
3 egg
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver

4-5 eple (skrelt og delt i båtar) til fyll
Kanel til å strø på toppen

Rør smør og sukker kvitt. Ha egga i, eit om gangen. Bland i mjøl og bakepulver. Ha røra opp i ei springform, legg eplebåtar på toppen, strø kanel over.
Steik ved 180 grader i 40-45 minutt nedst i omnen.

Så, no veit eg kvar eg har oppskrifta neste gong eg vil laga eplekake!

One piece

er ein japansk mangaserie for barn. Så langt finst desse bøkene på norsk:
1. Eventyret begynner
2. Klovnen Buggy
3. Løgnhalsen
4. Ulv i fåreklær
5. Hvem ringer klokkene for?
6. Løftet
7. Den gamle mannen
8. Pass deg så du ikke dør!
9. Tårer
10. Til kamp!
11. Østens farligste mann
12. Legendens opprinnelse
13. Bare rolig!
14. Instinkter
15. Stø kurs
16. Hans siste ønske
17. Kirsebærblomster
18. Ace
19. Opprør
20. Sluttspill i Alubarna
21. Utopia
22. Håp
23. Vivis eventyr
24. Drømmer
25. Dusør 100 millioner
26. Eventyr på Guds øy
27. Overtyre
28. Berserken Viper
29. Oratorium
30. Rapsodi
31. Her er vi!
32. Øyas stemme
33. Davy Back Fight
34. Water 7
35. Kapteinen
36. Den niende rettferdighet
37. Tom
38. Rocket Man
39. Kamp
40. Gir
41. Krigserklæring

søndag 19. oktober 2008

Tur i skogen



er toppen når sola er framme. Litt vanskeleg lys å fotografera i, men turen skal først og fremst nytast medan ein går. Og så kom vi forbi huset til Tussi...

Bollebakst



passa bra etter skogsturen.

Ikkje leseglede, akkurat...



men absolutt lesverdig. De velvillige av Jonathan Littell har fått mykje og god omtale. Med rette, vil eg sei. Boka handlar om 2. verdskrig, sett frå ståstaden til ein tysk soldat. Grusomme hendingar vert skildra i detalj. Det som har gjort sterkast inntrykk på meg så langt (eg er ikkje ferdig med boka enno), er skildringa av kaos, det at individet vert dratt inn i hendingane - og står der temmeleg makteslaus. Han reflekterer rundt det som skjer, men er samstundes ein del av systemet. Som hovudpersonen seier: "Og det sto ikke til å nekte, vi drepte mange mennesker. Det forekom meg å være en ulykke, selv om den var uunngåelig og nødvendig."

onsdag 15. oktober 2008

Varg Veum

Varg Veum er hovudperson i mange av bøkene til Gunnar Staalesen. Så langt har det kome 14 romanar om han:
- Bukken til havresekken
- Din, til døden
- Tornerose sov i hundre år
- Kvinnen i kjøleskapet
- I mørket er alle ulver grå
- Svarte får
- Falne engler
- Bitre blomster
- Begravde hunder biter ikke
- Skriften på veggen
- Som i et speil
- Ansikt til ansikt
- Dødens drabanter
- Kalde hjerter

Dessutan eit par bøker med forteljingar der Varg Veum er hovudperson:
- Hekseringen
- De døde har det godt

Gunnar Staalesen

Gunnar Staalesen er ein svært produktiv forfattar. Han kombinerer krim og historisk kunnskap på ein svært spanande måte. Kriminaliteten er oppdikta - det må vi få lov til å tru i alle fall - men det historiske bakteppet stemmer nok bra, han er nøye med å undersøka historiske fakta. Så her kan ein få inn historie på ein underhaldande måte. Vi som er glade i Bergen og området rundt har dessutan glede av lokalkoloritten...

Bergenstrilogien tek for seg perioden 1900-1999. Eit brotsverk som skjer i 1900 vert først løyst i 1999. Og kven er det som finn ut av det? Varg Veum, så klart!
- 1900 Morgenrød
- 1950 High moon
- 1999 Aftensang

Gunnar Staalesen har også skrive om nokre bøker om Dumbo og Maskefjes:
- Rygg i rand, to i spann
- Mannen som hatet julenisser
- Den femte passajeren

Vikingskatten

Gunnar Staalesen har også skrive for barn:
- Vikingskattens hemmelighet
- Vikingskattens forbannelse
- Vikingskattens voktere

søndag 12. oktober 2008

Ut på tur

Det kan vera eit lite tiltak å koma seg ut, men du verda så fint det er når ein berre kjem så langt...



Og så møtte vi ein balansekunstnar på vegen. Nei, dette er ein heilt ukjent pus, men han likna veldig på den som ligg heime på sofaen, ja...

torsdag 2. oktober 2008

Nokre fridagar

kan brukast til så mangt. Eg har mellom anna nytta høvet til å besøka



Kokke-Barbie,



Kattja



og søte, vesle Salma - og nokre folk som bur saman med dei. Vi har hatt det ordentleg triveleg!

Haustutstillinga



Mykje interessant på haustutstillinga. Og eit og anna som ikkje var fullt så interessant - men slik vil det vel alltid vera. Installasjonen transformation games av Mona Nordaas var midt i blinken for meg - her fall eg fullstendig i stavar. Godt å sjå at gamle ljåblad kan koma til nytte. Men det vert naturlegvis ikkje enklare å kasta noko etter dette. Det er tydelegvis noko i dette med at alt kan koma til nytte...

laurdag 27. september 2008

Hodejegerne

Her om dagen nytta eg høvet til å låna med meg Hodejegerne av Jo Nesbø. Dette er ei røvarhistorie frå ende til annan, ikkje spesielt truverdig - og det er heilt greit. Nesbø har eit språkleg overskot som gjer det moro å lesa: "Synsfeltet mitt var nå skrumpet til starten på en James Bond-film hvor de spiller introen - eller i mitt tilfelle; outroen - og alt er svart bortsett fra et lite rundt hull hvor du ser en fyr i smoking som sikter på deg med en pistol."
Til tider rikeleg med gørr og guffe, men først og fremst god underhaldning.

onsdag 24. september 2008

Mma Ramotswe

Ein skotsk professor i medisinsk juss, Alexander McCall Smith, med sterke band til Afrika, har skrive om Precious Ramotswe. Mma Ramotswe er ei kvinne med stort pågangsmot og tradisjonell figur. Ho startar Damenes detektivbyrå nr 1. Problemfritt er det ikkje, men sakene vert løyst...
- Damenes detektivbyrå nr 1
- Sjiraffens tårer
- Moral for vakre piker
- Skrivemaskinkurs for menn
- Livets godteskap
- Damer med hjerterom
- Blå sko og lykke

Harry Hole

Harry Hole er helten - eller kanskje det er rettare å sei anti-helten - i desse bøkene av Jo Nesbø:
- Flaggermusmannen
- Kakerlakkene
- Rødstrupe
- Sorgenfri
- Marekors
- Frelseren
- Snømannen

søndag 21. september 2008

Søte kattar



Må berre testa om eg framleis klarer å legga til videoar...

Konrad Sejer & Jacob Skarre

løyser saker for Karin Fossum, og det gjer dei faktisk ganske bra...
- Evas øye
- Se deg ikke tilbake
- Den som frykter ulven
- Djevelen holder lyset
- Elskede Poona
- Svarte sekunder
- Drapet på Harriet Krohn
- Den som elsker noe annet
- Den onde viljen

Katten



På tide med eit lite dikt:
Katten av Olav .H. hauge

Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

torsdag 18. september 2008

Fredric Drum & Skarphedin Olsen

Fredric Drum (restauratør, gourmet og kryptolog) og onkelen Skarphedin Olsen (lett kolerisk, men skarp) løyser saker for Gert Nygårdshaug. I alt ti bøker i serien:
- Honningkrukken
- Jegerdukken
- Dødens codex
- Det niende prinsipp
- Cassandras finger
- Kiste nummer fem
- Den balsamerte ulven
- Liljer fra Jerusalem
- Alle orkaners mor
- Rødsonen

Hanne Wilhelmsen

Hanne Wilhelmsen er gjennomgangsfigur i mange av bøkene til Anne Holt. Nokre av bøkene har Anne Holt skrive saman med Berit Reiss-Andersen
- Blind gudinne
- Salige er de som tørster
- Demonens død
- Mea culpa
- Løvens gap (med B. Reiss-Andersen)
- Død joker
- Uten ekko (med B. Reiss-Andersen)
- Sannheten bortenfor
- 1222

Inger Johanne Vik

Inger Johanne Vik er ein ny helt som figurerer i nokre av bøkene til Anne Holt. Så langt dreier det seg om to bøker:
- Det som er mitt
- Det som aldri skjer

tysdag 16. september 2008

Harry Potter

J.K. Rowling har skrive om Harry Potter f. 31. juli 1980.

Bøkene i serien:
- Harry Potter og de vises stein
- Harry Potter og Mysteriekammeret
- Harry Potter og fangen fra Azkaban
- Harry Potter og Ildbegeret
- Harry Potter og Føniksordenen
- Harry Potter og Halvblodsprinsen
- Harry Potter og Dødstalismanene

Artemis Fowl

Seien om Artemis Fowl er skriven av Eoin Colfer, ein irsk barnebokforfattar. Har også skrive om Potet-Isaksen - og der kan det visstnok vera ein del nyttige tips for bibliotekarar...

Bøkene i serien om Artemis Fowl:
- Artemis Fowl
- Artemis Fowl Operasjon Arktis
- Artemis Fowl Evighetskoden
- Artemis Fowl Arkivet
- Artemis Fowl Opal-bedraget
- Artemis Fowl og den tapte kolonien

Observert av Plinius

for ein månads tid sidan (reaksjonen kjem ikkje alltid så kjapt her på bloggen...) Det er visstnok berre tre av oss som gjekk på kurs som har halde fram med bloggane vi oppretta. Ein del av kursdeltakarane hadde bloggar frå før - dei har vel truleg halde fram med dei gamle bloggane.
Eg bruker denne bloggen som digital leikegrind - eg prøver meg fram. Det er vel relativt få "utanforståande" som ser bloggen, men den fungerer til ein viss grad som fotoalbum for meg sjølv. Så langt har det ikkje vore mykje bibliotekstoff her, men eg har planar om å legga ut oversikt over "litterære heltar" som eg av og til får spørsmål om. Så då vert bloggen også litt "privat oppslagsverk".

torsdag 11. september 2008

Til orientering


Eg har allereie avslørt at det er så som så med orienteringsevna. Likevel klarer eg å finna fram til jobben. Grunnen er enkel: god merking frå buss-stoppet.

søndag 24. august 2008

Gå aldri utan kart...


Med desse skorne er eg sikra... Akkurat som eg treng kart for å gå meg bort - det klarer eg fint utan hjelpemiddel. Som på turen i dag: brått og utan varsel får eg spørsmål om vi hadde gått her før, og om kor denne stien førte. Det kunne vel ikkje eg vita, vel? Eg følgde berre stien, eg... Men vakker utsikt var det, mot Holsfjorden.

Kursen vart korrigert slik at vi kom oss heim att utan altfor mange strabasar, men vi fekk no helst på nokre sauer på vegen. Og turkameraten vart kjent med ein ny sti. For meg er ny og gammal sti like gode - kvar gang...

Smelta bort?


Sola varma godt i går - endå vi er langt ute i august. Nok til at Sofus føretrekker å halda seg i skuggen.

tysdag 19. august 2008

Typisk vestlending!



"egen, sta og gjenstridig" var nokre av karakteristikkane som flagra gjennom lufta. Bakgrunn: store tekniske problem. Motoren starta, men stoppa att temmeleg kjapt. Hypotese: rusk i forgassaren.



Alle som kom innom vart spurde til råds. Brage, 2 år, har forstått problemet: "vil ikke bråke..."
Pappaen til Brage kom med ein ny hypotese: "falsk luft". Den viste seg å ha noko for seg. Etter timar med mekking og pussing starta motoren på første slag. JIPPI!!!

måndag 18. august 2008

Dagens gode gjerning...

Ikkje i dag, nei. (Har eg gjort noko som kan kvalifisera til ein slik tittel i dag? Nei, eg trur ikkje det, i dag har eg vel berre gjort jobben min, sånn heilt ordinært. På den andre sida: eg trur ikkje nokon har lidd overlast heller.) Men dette er frå i sommar. Ein dag eg var ute i 18-graders-vatnet (så fekk eg sagt det og), såg eg ein augestikkar som var i ferd med å drukna. Den ulykka fekk eg forhindra ved å ta augestikkaren opp med badetermometeret. Han vart sitjande leeeenge leeeenge på termometeret, så flaug han sin veg, glad og lykkeleg får vi tru...

onsdag 13. august 2008

Fylo

På andre sida av fjorden ligg Fylo, eller Fylingslid, som staden offisielt heiter. Namnet skal koma av "fela", som tyder å skjula. Bruka Fylo og Fylehaugen ligg høgt over fjorden, og er nesten usynlege frå fjorden. Vegen opp er bratt og går i trappetrinn. Det budde folk på Fylo fram til slutten av krigen, men bakkane vart slått mange år etter dette. Framleis kan ein såvidt sjå bakkane på Fylo, men dei vert mindre og mindre synlege no. Til venstre i biletet, omtrent der det har gått ras i fjellsida, var det tidlegare ei laksegilje. Skyformasjonen bak fjellet ser dramatisk ut, men det er nok berre vassdamp.

Laksegilja på Røyrtangen

Laksegiljer (utt: -jilje) er spesielle byggverk som har vore brukt langs Bolstadfjorden, Osterfjorden og Veafjorden. Dei vart brukt til å fanga laks med sitjenot. Fiskarane sat oppe i gilja, når dei såg laksen kom inn i nota, kunne dei utløysa tauverk og steinar slik at dei fekk stengt laksen inne. Så var det ned stigane og ut med båt for å få laksen opp. Røyrtangen ved Stamnes var ein særs god fiskeplass. Rekorden skal vera på 69 laksar på ein dag. Diverre veit eg ikkje kva år dette var, men det er nok forlengst historie. No er det knapt ein villaks att i desse fjordane...

Klåravasskjelda

Drikkevatn hentar vi i ei kjelde som ligg under flomålet, sjøen flør altså opp i kjelda. Det må altså litt planlegging til, vatnet må hentast når det er fjøre sjø. Etter ruskever må ein ofte ommøblera litt på steinane slik at det skal vera enkelt å ausa opp vatn. Men betre vatn finst ikkje - kaldt, friskt og fullstendig utan saltsmak.

Askaneset

Alltid vakker utsikt, anten det er morgon, på dagtid, kveld eller natt. Og i alle slags ver...



Skakkhammaren

Bak dette huset ligg Skakkhammaren. Lenge trudde eg det heitte Skattkammaren - inspirert av bokverket Mitt skattkammer. Eit bokverk som nok har vore med på å få meg hekta på bøker...



Kalosjediket

Namnet er ikkje tilfeldig. Greit å passera når det er tørt - ikkje fullt så greit når det har regna tett eit par dagar...