onsdag 9. september 2009

Vi saknar Puseskatten vår...

I elleve år har vi hatt gleda av å leva saman med Sofus, og planen var at vi skulle leva saman lenge, lenge, lenge enno. Slik gjekk det ikkje. Han vart sjuk, og i går måtte vi ta den tunge avgjerda.
Vi møtte Sofus i sommarferien for elleve år sidan. Han var den siste kattungen i eit kull, dei andre kattungane hadde blitt avliva, og også Sofus hadde fått "dødsdom". Heime hadde vi allereie ein katt, Sølvi, ei riktig eigenrådig og sær dame - så vi var vel ikkje heilt sikre på om ein framand kattunge ville vera velkomen. Men han var så søt, og Sølvi ville sikkert også sjå kor søt han var.
Det er mogeleg at ho såg det - ho vart i alle fall kraftig sjalu... Dei kunne knapt nok vera i same rom, så Sofus måtte bu på kjøkkenet medan Sølvi regjerte i resten av huset den første tida. Seinare gjekk det seg til, men gode vener vart dei aldri. Sølvi sjarmerte seg inn hos ein nabo, så flytta ho, og Sofus vart sjef i huset.


Sofus har vore ein litt forsiktig pus, han har halde seg i og nær huset. Han elska å gå ut og inn, og då han oppdaga at han kunne klatra frå bakkenivå og opp på altanen vart han skikkeleg "konge".


Han fann seg ein del faste plassar der han likte å ligga, helst litt opp i høgda slik at han hadde god oversikt. Alltid når noko vart reparert eller pusla med var "Inspektør Snusen" på plass for å sjekka at alt gjekk rett for seg.


Han likte også godt å ligga bak skjermen til datamaskinen, han var reine hjelpemotoren for dataen når han sette i gang med å mala. Han likte å følgja med når eg strikka eller sat ved symaskinen også. Rundpinnane mine måtte eg pakka vekk når dei ikkje var i bruk, elles kunne han finna på å gnaga på dei... Men bortsett frå det har han ikkje gjort mykje hærverk. Tvert om: vi måtte læra oss å rydda bort alle glas etter kvart, for stod det eit glas att på bordet, så berre måtte han sjekka om det kunne dyttast utfor bordkanten.


I vår ein gong fekk eg høyra at han hadde hatt eit merkeleg anfall medan han var ute på plenen. Han hadde lege på sida, så hadde han begynt å tygga og sprella med beina, medan det skumma av spytt rundt munnen hans. Vi såg ikkje noko påfallande på ei stund. sommaren gjekk, han hadde ferieopphald på kattepensjonatet slik han har brukt å ha om somrane, og vi merka ikkje noko spesielt før ei veke etter at vi kom heim att. Då begynte han å halta på høgre frambein, utan at vi kunne finna nokon spesiell grunn til det. Vi oppsøkte veterinær, og Sofus fekk eit smertestillande middel. Men så begynte han å få fleire anfall av same type som han hadde hatt i vår. Det vart ny tur til veterinær. Vi prøvde å bryta tendensen til krampar ved å gje Vival, men han fekk fleire og kraftigare krampar. Vi kunne ha prøvd med epilepsimedisin, men kom fram til at det var lite sannsynleg at det ville gje Sofus eit godt katteliv. Den siste veka har vore tøff. Det er vondt å sjå at pus får krampar, og vi var aldeles hjelpelause. Så no har Sofus fått ei grav i hagen, og vi skal planta vakre blomar på den. Takk for at du var puseskatten vår, Sofus!

tysdag 26. mai 2009

På tur med Mikkel



Tidlegare i mai hadde eg gleda av å besøka fire danske bibliotek på to dagar, saman med mange andre bibliotekarar i Buskerud. Mikkel (6 månader) var maskot og reiseleiar, og han oppførte seg aldeles eksemplarisk!



Først var vi på det nye, flotte Hjørring bibliotek. Den "raude tråden" fungerer veldig bra - her er det plass til å laga utstillingar og til å legga fram brosjyrer og denslags.



Her kan ein laga film - det hadde vore noko det!



Og ein skrivar var kopla til mikrofilmlesaren - det var heller ikkje dumt...



Det var både sofa og gode stolar å finna mellom hyllene i magasinet, hyggelege sitjeplassar. Akkurat dette var kanskje ikkje den aller mest innbydande plassen, ein leselampe hadde kanskje gjort seg? Eg synst eg knipsa heile tida, men det er ikkje alt eg har fått dokumentert like godt, nei...



Lurt å ta ein tur innom her før situasjonen er heilt prekær...



Mellom bibliotekbesøka var det fine bussturar. Bølgande landskap, rapsmarker og vindmøller - riktig vakkert!



Neste bibliotek var Haraldslund, ein "liten" filial som låg saman med basseng og treningssenter. Biblioteket er ope for publikum så lenge resten av senteret er ope, men bibliotekarane har human arbeidstid. Alle biblioteka vi besøkte hadde basert seg på at publikum brukte automat ved lån og levering av bøker, og også at dei kunne henta reserverte bøker ved eiga hjelp. Det fungerte fint!





"Bassengfargar" er tatt i bruk også i bibliotekdelen. Her er utstyr så ein kan kle seg ut, og her er plass til å leika.



Der er no ein og annan peikefinger i Danmark og... "Ingen slik, madvarer eller drikkevarer ved pc'en" står det - mellom anna...



Neste bibliotek vi besøkte var Randers. Svært, det låg i same bygg som kunstmuseet. Hjartestartar var det første vi såg då vi kom inn i bygget... Men også her var det mange små krokar og gode idear. Her kan ein låna "weekendkoffertar", koffertar som var fint dekorert, og inneheld spel og bøker om ulike tema, tilrettelagt for ulike aldersgrupper.



Og ein brilleslange klamrar seg til skranken. Hos oss held vi oss med levande brilleslange. Bak skranken. I opningstida.



Neste dag var det Aalborg bibliotek vi besøkte, før vi skulle heim att. Dei omtaler seg sjølve som "det bogløse børnebibliotek" - det stemmer vel ikkje heilt... Men dei hadde rydda plass til data, teikneseriar, sofakrokar, plantar og hyggelege utstillingar... Dei hadde samarbeida med IKEA om innreiinga, det vart ei rimeleg løysing, og dei hadde fått mange gode tips, mellom anna om bruk av fargar og lys.



Fine veggmaleri på veg ned til magasinet.



Her står bøkene tett i tett...



Aalborg bibliotek er eit stort, lyst og flott bibliotek. Det første ein kjem til i vaksenavdelinga er "zonen". Alle bøkene her har 14 dagars lånetid. Her kan ein ikkje reservera bøker, men ein kan plukka med seg bøker i forbifarten. Her finst både populære titlar - og smale titlar, men alle bøkene står med fronten fram - til freisting for folk!



Så stille låg havet då vi reiste heim att. Og no skal vi la oss inspirera av det vi har sett. Det ender vel med at utkledde bibliotekarar tek mot vitskremte barn...

søndag 19. april 2009

Snøen trekker seg tilbake...



og blåsymra poppar fram. For ei veke sidan såg eg den første leirfivelen, no er dei over alt...

måndag 2. mars 2009

Jakke, kjole og lue til Barbie


Jakke med raglanerme: (Jakka er strikka frå toppen og nedover.) Legg opp 25 m, strikk vrangbord, 1r, 1vr, ca 10 omg. Så over til rettstrikking, men dei to ytterste maskene i kvar side skal vera i rillestrikk (dvs strikk rett på rettsida, og rett på vrangsida.) På 3.omgang med rettstrikk: Set merke etter 5, 3, 8, 3 og 5 masker. På dei 5 neste omgangane med rettstrikk skal det aukast ei maske på kvar side av merket. Strikk to omgangar til med rettstrikk, set så maskene til erme på tråd, strikk resten av maskene vidare i glattstrikk 3 1/2 cm, så 1 1/2 cm vrangbord.
Plukk opp masker til eit erme, plukk opp tre masker ekstra på undersida av ermet. Strikk rundt, ca 6 cm i rettstrikk, så 1 1/2 cm vrangbord.
Eg har brukt baby-garn og pinnar nr 2 1/2.


Kjole: Legg opp 34 masker, strikk 3 omg rettstrikk. På neste omgang: kast på pinnen, 2 rett saman, heile omgangen, dette skal vera brettekant. Strikk så vidare i rettstrikk 8 1/2 cm, fell 6 m jamnt fordelt på omgangen. Strikk vidare 3 cm, så auker du 6 masker jamnt fordelt på omgangen, strikk vidare ca 1 1/2 cm. Fell tre masker i kvar side, det er no 14 masker igjen både på framstykket og bakstykket. Strikk nokre omgangar med rettstrikk, men rillestrikk på dei to ytterste maskene, gå så over til eit par omgangar med rillestrikk. På det eine stykket har eg laga selar over dei fire ytterste maskene på kvar side. Knapp og hempe gjer det enkelt å få kjolen av og på.
Lue: Legg opp 28 m, strikk rettstrikk 3 cm. Fell fire masker (jamt fordelt) på neste omgang. Strikk 4 omgangar mellom kvar gang du feller 4 masker, til der er 4 masker igjen. Lag ein liten dusk i enden.
Til kjolen og lua har eg brukt restar av sokkegarnet Fabel. Strikkepinnar nr 2 1/2.

onsdag 11. februar 2009

Genser til Barbie

Barbie har som kjent snart bursdag - ho fyller 50 år 9.mars i år. Då er det på sin plass med litt nye klede, ikkje sant?


Her følgjer oppskrift på ribbestrikka genser. Eg har brukt ganske tynt garn og pinnar nr 2 1/2. Genseren kan strikkast som rette stykke, på to pinnar, som ein syr saman til slutt, eller den kan strikkast rundt på strømpepinnar. Eg forklarer framgangsmåten for begge variantane her.
På to pinnar: Her la eg opp 22 masker, og strikka 2r, 2 vr rett opp til stykket målte 10 cm. Så felte eg 3 masker i kvar side til skulder. Resten av maskene skal strikkast vidare til hals, 5 cm.
Strikk eit stykke til på same måte.
Sy saman skuldrane og halsen, så bretter du ut stykket og måler opp 3,5 cm frå kvar skulder. Her skal du plukka opp 24 masker til erm. Strikk 2 r, 2 vr, ca 8 cm. Gjer det same på andre sida. Sy saman i sidene og under ermane, fest alle trådar. Genseren er klar til bruk!
På strømpepinnar: Her la eg opp 48 masker. Strikka 2 r, 2 vr ca 7 cm. Her delte eg arbeidet i to. Eg felte ei vrangmaske i kvar side, slik at det vart 22 masker på kvart stykke (med to rettmasker i kvar side). Desse to stykka må strikkast vidare kvar for seg, 3,5 cm.Fell 3 masker på kvar side til skulder. No skal det vera 16 masker igjen på kvar side, i alt 32 masker. Strikk vidare rundt til hals, 5 cm. Fell av. Sy saman skuldrane. Plukk opp 24 masker rundt ermholet, strikk erm (2r, 2 vr), ca 8 cm. Fest trådar.
Største problemet kan vera å få genseren på Barbie, for ho spriker litt med fingrane. Det kan vera lurt å ta litt tøy rundt hendene hennar, så går genseren lett på.

Eg har også laga lue til Barbie. Lua kan også brukast som eggevarmar, eller som øyrevarmar til pus.
Legg opp 32 masker. Strikk 2 r, 2 vr, 6 cm. På neste omgang strikka eg slik: 2 masker rett, så strikka eg dei to vrangmaskene saman. Så to omgangar med 2 rett, 1 vr (slik at rette og vrange masker kjem opp på rette og vrange masker som er der frå før). På neste omgang: Strikk saman rettmasker, slik at det vert 1 r, 1 vr heile omgangen. Kutt tråden, dra tråden gjennom alle maskene. Fest tråden godt. Dersom du vil, kan du laga ein liten dusk til toppen.

Skjerf: Her har eg lagt opp 11 masker, så strikka eg 1 r, 1 vr. Eg strikka skjerfet 36 cm langt.
Strømpar: Her har eg lagt opp 14 masker. Eg har strikka rundt på strømpepinnar, 1 r, 1 vr. Eg strikka til strømpane vart ca 10 centimeter lange. Fell av, sy saman i tåa.

laurdag 31. januar 2009

Kurt Wallander

er helten i mange av bøkene til Henning Mankell. Det er ti bøker i serien:
- Morder uten ansikt
- Hundene i Riga
- Den hvite løvinnen
- Silkeridderen
- Villspor
- Den femte kvinnen
- Ett skritt etter
- Brannvegg
- Pyramiden
- Før frosten

søndag 25. januar 2009

Full vinter

slik ser det ut på altanen...


av og til lokker utelivet, men stort sett er det best på sofaen - eller i korga - eller på kontorstolen - eller under trappa - eller litt oppe i høgda...



og matmor koser seg med strikketøy og bøker

fredag 9. januar 2009

Nytt i heimen

For eit par dagar sidan var eg innom ein brukthandel, og der fann eg ein fin kakeboks. Ikkje det at eg gjer det stort i kakebaking, akkurat, men boksen er fin, og den kan nok få gjera nytte for seg som gøymestad for eit eller anna... På undersida av boksen står det til og med ei kakeoppskrift - kanskje får eg lyst til å testa den ein gong i framtida?



torsdag 1. januar 2009

Nytt år - nye sjansar!

No har det vore nokre stille dagar - med god tid til kos og lesing. Omsider fekk eg kloa i Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg, tredje boka om Jarle Klepp. Eg hadde gleda meg til å lesa denne, og eg vart ikkje skuffa - her er det sterke kjensler og mykje som skjer, boka handler om det som skjer i livet til Jarle Klepp i løpet av ei veke i 1997. Det einaste eg hadde problem med å fordøya, var at Fløibanen sveva i lufta - eg synest Fløibanen er praktfull sjølv om den har full bakkekontakt heile vegen. Sjølvsagt er eg ikkje den einaste som har reagert på dette,
slikt går ikkje upåakta hen i Bergen

Inga stor sak eigentleg, men eg kan ikkje sjå at det boka vert betre av at denne detaljen ikkje stemmer. Men alt i alt ei svært fin bok. Den kan godt lesast uavhengig av dei to førre bøkene om Jarle Klepp, Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim, men dette er også sterke bøker.

Eg får vel prøva å henga med på det som kjem av ny skjønnlitteratur framover...