tysdag 15. juli 2008

Myrflangre



No blømer myrflangra på Haugerudmyra. Myrflangra er ein flott - og sjeldan - orkide. Nyt den der den står. Pass på kor du set føtene!

fredag 11. juli 2008

Veafjordtreffet 2008






126 frammøtte, vakkert ver og god stemning!

Dagens høgdepunkt



var då Gunnar fortalde ei historie som vart sendt på radio for mange år sidan med skodespelaren Sverre Eriksen. Historia var om ein stril som kom til Den nationale scene i Bergen, og fekk lyst til å sjå kva som føregjekk i det gilde huset...

Ola og Trygve


stod for musikken

Kveld på brygga




God stemning - med grilling, prat, musikk og dans i praktfullt sommarver

Revebjøller


Løa i Holo

Kvernsteinane i Holo

Ny sprakekledning



på løa på Bukkstein. 6000 sprakebusker har gått med, og uhorveleg mange arbeidstimar, men resultatet er flott - og i tråd med lokal byggeskikk.

Standsmessig slåmaskin



På Bukkstein kom vi over denne praktfulle slåmaskinen. Ferrari starta visstnok med landbruksmaskinar, og ifølgje eigaren fungerer den framifrå. Bombardieren vår får ikkje heilt den same attesten, i alle fall ikkje kvar dag... Men han skramler og går innimellom.

Agria/Bombardier-Rotax 5400

Veafjorden

Frå Dalseid til Stamnes


er vegen smal og svingete, og det er ein del tunnellar ein skal gjennom. Vegen vart bygd mellom 1920 og 1939, så dette er fint handarbeid.