torsdag 31. januar 2008

Hei Birgithe!

Den Physisk Oeconomiske Beskrivelsen over Lier Præstegield er altså frå 1761, og er følgjeleg skriven med gotisk skrift, men det er godt leseleg. Eg begynte å lesa fordi eg måtte finna ut om det verkeleg var eit vulkansk utbrot i Holsfjorden i 1755 (seks timar før Lisboa vart øydelagt), og det står beskrive slik: "I Aaret 1755 den 1 November, da den almindelige paa vaar Jord-Klode skede Rørelse og Jordskielv indtraf, lod samme sig tydelig fornemme i denne Fiord, i det Vandet adskillige Gange voxte, og gik langt over sine sædvanlige Grænser, og med Brusen mellem Stenene paa Stranden strax falt tilbage, men og at en Ild-Straale med en stærk Fart fra den vestre til den østre Side, i samme Tid, lod sig tilsyne."
Boka inneheld også mykje anna interessant stoff, om jordbruk, skogbruk, dyre- og planteliv. På den tid var det kring 3000 innbyggarar i Lier, og "Skole-Væsenet findes her i en priselig Stand." Lier bibliotek har tre faksimile-utgåver av boka, frå 1968.

onsdag 30. januar 2008

Kveld

No er det kveld - og den nye kunnskapen skal fordøyast. Måtte berre sjekka om det fungerer når eg sit heime åleine. Det gjer det faktisk!
Har skrive ei liste over bøker eg har lese i januar, tenkte det kunne vera greit å ha som sideelement. Lurer på om det let seg gjera å laga ny slik liste for kvar månad, slik at den arkiverer seg? (For elles kan det verta lang-lang-liste nedover sida...)

Bloggstart

Er på kurs i blogging i Drammen. Starta dagen med første tur over Ypsilon-brua, det var ein vakker strekning.