måndag 27. oktober 2008

Det er visstnok

den internasjonale Teddybjørndagen i dag. Det må markerast, så klart. I 1902 var Theodore (Teddy) Roosevelt på jakt i Mississippi-området. Ein myte vil ha det til at dei han jakta saman med fanga ein bjørnunge, batt han fast til eit tre, og ba Teddy om å skyta den. Teddy nekta - han ville ikkje vera med på usportsleg jakt. Ein annan versjon er at jaktkameratane tykte det var for ille at gjesten ikkje hadde fått skyta bjørn, så dei fanga - og skada - ein gammal bjørn. Dei batt den skada bjørnen til eit tre og ville ha Roosevelt til å skyta den. Han nekta, og nokon teikna han saman med den skadde bjørnen. På denne teikninga var Roosevelt og bjørnen omtrent like store, men på seinare teikningar krympa bjørnen, han vart ein søt liten bamse. Stakkars gamle bamsen - han var så skada at han måtte avlivast i alle fall.

Morris Micton fekk løyve til å bruka namnet Teddy på leikebjørnar laga av loddent, mjukt tøy. Etter dette har Teddy vore ein nær og kjær venn for mange, mange barn (både små og store) i over hundre år.

Og slik kan du laga ein liten bjørn:

Og så den ultimate picnik-songen:

søndag 26. oktober 2008

Søndagstur

Enno lyser friske fargar mot ein der ute i skogen:




I dag hugsa eg å ta på meg skritteljaren. Den viste 16640 skritt etter turen, det tilsvarer 9,98 km. Jau, den var nullstilt før turen starta, tenk! Men vi vil ikkje risikera kaloritap etter søndagsturen, så då måtte det lagast

EPLEKAKE

150 g sukker
150 g smør
3 egg
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver

4-5 eple (skrelt og delt i båtar) til fyll
Kanel til å strø på toppen

Rør smør og sukker kvitt. Ha egga i, eit om gangen. Bland i mjøl og bakepulver. Ha røra opp i ei springform, legg eplebåtar på toppen, strø kanel over.
Steik ved 180 grader i 40-45 minutt nedst i omnen.

Så, no veit eg kvar eg har oppskrifta neste gong eg vil laga eplekake!

One piece

er ein japansk mangaserie for barn. Så langt finst desse bøkene på norsk:
1. Eventyret begynner
2. Klovnen Buggy
3. Løgnhalsen
4. Ulv i fåreklær
5. Hvem ringer klokkene for?
6. Løftet
7. Den gamle mannen
8. Pass deg så du ikke dør!
9. Tårer
10. Til kamp!
11. Østens farligste mann
12. Legendens opprinnelse
13. Bare rolig!
14. Instinkter
15. Stø kurs
16. Hans siste ønske
17. Kirsebærblomster
18. Ace
19. Opprør
20. Sluttspill i Alubarna
21. Utopia
22. Håp
23. Vivis eventyr
24. Drømmer
25. Dusør 100 millioner
26. Eventyr på Guds øy
27. Overtyre
28. Berserken Viper
29. Oratorium
30. Rapsodi
31. Her er vi!
32. Øyas stemme
33. Davy Back Fight
34. Water 7
35. Kapteinen
36. Den niende rettferdighet
37. Tom
38. Rocket Man
39. Kamp
40. Gir
41. Krigserklæring

søndag 19. oktober 2008

Tur i skogen



er toppen når sola er framme. Litt vanskeleg lys å fotografera i, men turen skal først og fremst nytast medan ein går. Og så kom vi forbi huset til Tussi...

Bollebakst



passa bra etter skogsturen.

Ikkje leseglede, akkurat...



men absolutt lesverdig. De velvillige av Jonathan Littell har fått mykje og god omtale. Med rette, vil eg sei. Boka handlar om 2. verdskrig, sett frå ståstaden til ein tysk soldat. Grusomme hendingar vert skildra i detalj. Det som har gjort sterkast inntrykk på meg så langt (eg er ikkje ferdig med boka enno), er skildringa av kaos, det at individet vert dratt inn i hendingane - og står der temmeleg makteslaus. Han reflekterer rundt det som skjer, men er samstundes ein del av systemet. Som hovudpersonen seier: "Og det sto ikke til å nekte, vi drepte mange mennesker. Det forekom meg å være en ulykke, selv om den var uunngåelig og nødvendig."

onsdag 15. oktober 2008

Varg Veum

Varg Veum er hovudperson i mange av bøkene til Gunnar Staalesen. Så langt har det kome 14 romanar om han:
- Bukken til havresekken
- Din, til døden
- Tornerose sov i hundre år
- Kvinnen i kjøleskapet
- I mørket er alle ulver grå
- Svarte får
- Falne engler
- Bitre blomster
- Begravde hunder biter ikke
- Skriften på veggen
- Som i et speil
- Ansikt til ansikt
- Dødens drabanter
- Kalde hjerter

Dessutan eit par bøker med forteljingar der Varg Veum er hovudperson:
- Hekseringen
- De døde har det godt

Gunnar Staalesen

Gunnar Staalesen er ein svært produktiv forfattar. Han kombinerer krim og historisk kunnskap på ein svært spanande måte. Kriminaliteten er oppdikta - det må vi få lov til å tru i alle fall - men det historiske bakteppet stemmer nok bra, han er nøye med å undersøka historiske fakta. Så her kan ein få inn historie på ein underhaldande måte. Vi som er glade i Bergen og området rundt har dessutan glede av lokalkoloritten...

Bergenstrilogien tek for seg perioden 1900-1999. Eit brotsverk som skjer i 1900 vert først løyst i 1999. Og kven er det som finn ut av det? Varg Veum, så klart!
- 1900 Morgenrød
- 1950 High moon
- 1999 Aftensang

Gunnar Staalesen har også skrive om nokre bøker om Dumbo og Maskefjes:
- Rygg i rand, to i spann
- Mannen som hatet julenisser
- Den femte passajeren

Vikingskatten

Gunnar Staalesen har også skrive for barn:
- Vikingskattens hemmelighet
- Vikingskattens forbannelse
- Vikingskattens voktere

søndag 12. oktober 2008

Ut på tur

Det kan vera eit lite tiltak å koma seg ut, men du verda så fint det er når ein berre kjem så langt...



Og så møtte vi ein balansekunstnar på vegen. Nei, dette er ein heilt ukjent pus, men han likna veldig på den som ligg heime på sofaen, ja...

torsdag 2. oktober 2008

Nokre fridagar

kan brukast til så mangt. Eg har mellom anna nytta høvet til å besøka



Kokke-Barbie,



Kattja



og søte, vesle Salma - og nokre folk som bur saman med dei. Vi har hatt det ordentleg triveleg!

Haustutstillinga



Mykje interessant på haustutstillinga. Og eit og anna som ikkje var fullt så interessant - men slik vil det vel alltid vera. Installasjonen transformation games av Mona Nordaas var midt i blinken for meg - her fall eg fullstendig i stavar. Godt å sjå at gamle ljåblad kan koma til nytte. Men det vert naturlegvis ikkje enklare å kasta noko etter dette. Det er tydelegvis noko i dette med at alt kan koma til nytte...