onsdag 16. april 2008

Slik går no dagane...

No har det ikkje skjedd noko på bloggen på lenge. Eg har i grunnen vore meir opptatt av å lesa andre bloggar enn min eigen, mellom anna har eg oppdaga http://glambibliotekaren.blogspot.com/, og der kan ein lesa til augo vert store og våte. Riktig flott er bloggen!
Tenk å vera så flink med blogginga! Og så eg som ikkje får dreis på lenkinga lenger, det er skikkeleg frustrerande! Har prøvd å sjå litt på innstillingane mine, men har ikkje funne noka forklaring der.

søndag 6. april 2008

Lenketrøbbel

No skjedde det igjen, eg skreiv inn ein URL, men den lenka seg ikkje. Tidlegare har det fungert, det har lenka seg straks eg har trykt mellomromstasten etter å ha skrive URLen. Og det lenkeverktyet som ligg over her (i innleggs-skrivefeltet) vert eg ikkje heilt klok på. Og eg som er premie-bloggar...

Litt intimitetstyranni

Det vert forska på så mykje rart, også samanheng mellom personlegdom og sovestilling. Denne undersøkinga må i beste fall vera mangelfull:
http://www.abcnyheter.no/node/34813 , for her står det ingenting om ustabilt sideleie, som eg føretrekker. Det er ei blanding av sjøstjerne i fritt fall i lengtande fosterstilling. Men så er eg også gretten, bitter og inneslutta. Og når eg søv, så søv eg. Utan å snorka. Sjølv om det finst dei som hevdar noko anna.

onsdag 2. april 2008

Kurset er over, men vi snublar vidare...

I dag har Aina og eg sett vidare på kurstinga. Og som vanleg var det ikkje problemfritt. Eg har då faktisk klart å legga inn bilete frå flickr tidlegare, og då meiner eg å få biletet rett inn på sida, ikkje berre lenke til det. Men i dag var det ikkje snakk om. Det er litt lunefullt, dette digitale universet...

Truleg er det berre ein ting å gjera: prøva på nytt! Men eg har blitt kjempeflink til å lenka opp til filmar på you-tube, ikkje sant? Eg er i alle fall imponert sjølv!

Stemningsfull video