tysdag 26. mai 2009

På tur med Mikkel



Tidlegare i mai hadde eg gleda av å besøka fire danske bibliotek på to dagar, saman med mange andre bibliotekarar i Buskerud. Mikkel (6 månader) var maskot og reiseleiar, og han oppførte seg aldeles eksemplarisk!



Først var vi på det nye, flotte Hjørring bibliotek. Den "raude tråden" fungerer veldig bra - her er det plass til å laga utstillingar og til å legga fram brosjyrer og denslags.



Her kan ein laga film - det hadde vore noko det!



Og ein skrivar var kopla til mikrofilmlesaren - det var heller ikkje dumt...



Det var både sofa og gode stolar å finna mellom hyllene i magasinet, hyggelege sitjeplassar. Akkurat dette var kanskje ikkje den aller mest innbydande plassen, ein leselampe hadde kanskje gjort seg? Eg synst eg knipsa heile tida, men det er ikkje alt eg har fått dokumentert like godt, nei...



Lurt å ta ein tur innom her før situasjonen er heilt prekær...



Mellom bibliotekbesøka var det fine bussturar. Bølgande landskap, rapsmarker og vindmøller - riktig vakkert!



Neste bibliotek var Haraldslund, ein "liten" filial som låg saman med basseng og treningssenter. Biblioteket er ope for publikum så lenge resten av senteret er ope, men bibliotekarane har human arbeidstid. Alle biblioteka vi besøkte hadde basert seg på at publikum brukte automat ved lån og levering av bøker, og også at dei kunne henta reserverte bøker ved eiga hjelp. Det fungerte fint!





"Bassengfargar" er tatt i bruk også i bibliotekdelen. Her er utstyr så ein kan kle seg ut, og her er plass til å leika.



Der er no ein og annan peikefinger i Danmark og... "Ingen slik, madvarer eller drikkevarer ved pc'en" står det - mellom anna...



Neste bibliotek vi besøkte var Randers. Svært, det låg i same bygg som kunstmuseet. Hjartestartar var det første vi såg då vi kom inn i bygget... Men også her var det mange små krokar og gode idear. Her kan ein låna "weekendkoffertar", koffertar som var fint dekorert, og inneheld spel og bøker om ulike tema, tilrettelagt for ulike aldersgrupper.



Og ein brilleslange klamrar seg til skranken. Hos oss held vi oss med levande brilleslange. Bak skranken. I opningstida.



Neste dag var det Aalborg bibliotek vi besøkte, før vi skulle heim att. Dei omtaler seg sjølve som "det bogløse børnebibliotek" - det stemmer vel ikkje heilt... Men dei hadde rydda plass til data, teikneseriar, sofakrokar, plantar og hyggelege utstillingar... Dei hadde samarbeida med IKEA om innreiinga, det vart ei rimeleg løysing, og dei hadde fått mange gode tips, mellom anna om bruk av fargar og lys.



Fine veggmaleri på veg ned til magasinet.



Her står bøkene tett i tett...



Aalborg bibliotek er eit stort, lyst og flott bibliotek. Det første ein kjem til i vaksenavdelinga er "zonen". Alle bøkene her har 14 dagars lånetid. Her kan ein ikkje reservera bøker, men ein kan plukka med seg bøker i forbifarten. Her finst både populære titlar - og smale titlar, men alle bøkene står med fronten fram - til freisting for folk!



Så stille låg havet då vi reiste heim att. Og no skal vi la oss inspirera av det vi har sett. Det ender vel med at utkledde bibliotekarar tek mot vitskremte barn...