måndag 31. mars 2008

Papirfly

Her prøvde eg å legga lenker til ulike papirfly, men det vart mislykka, lenkene "lenka" seg ikkje. Derfor laga eg ei lenkesamling som sideelement, og det ser heldigvis ut til å fungera. Kanskje det til og med er meir praktisk, for då er alltid lenkene lette å finna igjen. Men eg synest det er litt rart at eg ikkje får til å laga lenker inne i tekstfelt - det har då fungert tidlegare... Og eg som trudde eg var utlært no som eg er ferdig med kurset og har fått diplom og all den ting... Har forresten ein kollega-avtale, vi skal sjå litt meir på dei 23 tinga i lag.

fredag 28. mars 2008

noko som liknar på Nick Cave...


søndag 23. mars 2008

Kjekt å vita

Sidan sist

har eg lese vidare om ting etter ting i kursopplegget. Eg var visst litt gretten då eg skreiv om musikk-biten (men eg held fast ved at øyrene skal ha litt kvile innimellom, altså...) Men last.fm er faktisk ganske fin, med musikalske smakebitar, opplysningar om artistar og forslag til nye artistar. Har fått spørsmål på biblioteket om nettstadar for musikk - og då er ikkje last.fm så dum å kjenna til. Har lese meg gjennom resten av tinga, men ikkje gjort stort på bloggen i det siste. Har planar om personleg forside, men det vert ikkje akkurat no medan sola skin.

Slik er det i Drammen...

onsdag 12. mars 2008

Artsmangfald

Kanskje vel så viktig som verb som sluttar på -ere... Myrflangra er ein orkidé som er sterkt trua. Haugerudmyra på Tranby er ein av dei få stadane der myrflangra veks. Haugerudmyra er ei rikmyr (rik på kalk), men Haugerudmyra er no trua av utbygging. Aftenposten hadde i dag ein reportasje om denne saka.

Andre innlegg om saka: http://www.sabima.no/sider/tekst.asp?side=432
http://www.liernett.no/?artikkel=2415 og http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/buskerud/1.5085219

Språk er viktig

Eg kom tilfeldigvis over denne nettstaden: http://www.altmulig.net/ere/. Viktig sak. Dessutan har sjølvaste Sylfest vore innom. No har eg lenka her - til eg har fått oppretta mi eiga startside...

torsdag 6. mars 2008

Denne veka

har eg lese om ting 11, 12, 13 og 14. Det er greit å vita kva ein kan ta i bruk, men eg kan ærleg talt ikkje sjå at dette er ting eg skulle ha særleg nytte av, bortsett frå personleg forside - det trur eg eg skal laga. Ikkje akkurat no, men det kjem... Netvibes såg veldig grei ut.

laurdag 1. mars 2008

Endeleg!

Omsider har eg fått inn filmen om Havråtunet, eg har gjort hundre-og-ørten forsøk! Takk til Asbjørg for tipset om korleis eg skulle få det til. Framgangsmåten er følgjande: Kopier URLen, lim inn i eit Word-dokument, hent URLen derifrå igjen og lim den inn i det nye innlegget. Utan tekst rundt. (Ved direkte innliming av URL fekk eg berre med kortversjonen av URLen. Kvar gang.)

Havråtunet ligg ikkje så langt frå der eg er frå, men langt nok unna til at eg berre har vore der nokre få gangar.

Havråtunet