onsdag 11. februar 2009

Genser til Barbie

Barbie har som kjent snart bursdag - ho fyller 50 år 9.mars i år. Då er det på sin plass med litt nye klede, ikkje sant?


Her følgjer oppskrift på ribbestrikka genser. Eg har brukt ganske tynt garn og pinnar nr 2 1/2. Genseren kan strikkast som rette stykke, på to pinnar, som ein syr saman til slutt, eller den kan strikkast rundt på strømpepinnar. Eg forklarer framgangsmåten for begge variantane her.
På to pinnar: Her la eg opp 22 masker, og strikka 2r, 2 vr rett opp til stykket målte 10 cm. Så felte eg 3 masker i kvar side til skulder. Resten av maskene skal strikkast vidare til hals, 5 cm.
Strikk eit stykke til på same måte.
Sy saman skuldrane og halsen, så bretter du ut stykket og måler opp 3,5 cm frå kvar skulder. Her skal du plukka opp 24 masker til erm. Strikk 2 r, 2 vr, ca 8 cm. Gjer det same på andre sida. Sy saman i sidene og under ermane, fest alle trådar. Genseren er klar til bruk!
På strømpepinnar: Her la eg opp 48 masker. Strikka 2 r, 2 vr ca 7 cm. Her delte eg arbeidet i to. Eg felte ei vrangmaske i kvar side, slik at det vart 22 masker på kvart stykke (med to rettmasker i kvar side). Desse to stykka må strikkast vidare kvar for seg, 3,5 cm.Fell 3 masker på kvar side til skulder. No skal det vera 16 masker igjen på kvar side, i alt 32 masker. Strikk vidare rundt til hals, 5 cm. Fell av. Sy saman skuldrane. Plukk opp 24 masker rundt ermholet, strikk erm (2r, 2 vr), ca 8 cm. Fest trådar.
Største problemet kan vera å få genseren på Barbie, for ho spriker litt med fingrane. Det kan vera lurt å ta litt tøy rundt hendene hennar, så går genseren lett på.

Eg har også laga lue til Barbie. Lua kan også brukast som eggevarmar, eller som øyrevarmar til pus.
Legg opp 32 masker. Strikk 2 r, 2 vr, 6 cm. På neste omgang strikka eg slik: 2 masker rett, så strikka eg dei to vrangmaskene saman. Så to omgangar med 2 rett, 1 vr (slik at rette og vrange masker kjem opp på rette og vrange masker som er der frå før). På neste omgang: Strikk saman rettmasker, slik at det vert 1 r, 1 vr heile omgangen. Kutt tråden, dra tråden gjennom alle maskene. Fest tråden godt. Dersom du vil, kan du laga ein liten dusk til toppen.

Skjerf: Her har eg lagt opp 11 masker, så strikka eg 1 r, 1 vr. Eg strikka skjerfet 36 cm langt.
Strømpar: Her har eg lagt opp 14 masker. Eg har strikka rundt på strømpepinnar, 1 r, 1 vr. Eg strikka til strømpane vart ca 10 centimeter lange. Fell av, sy saman i tåa.