tysdag 28. september 2010

Danmarkstur

23. og 24. september stengte vi dørene og reiste på tur. Vi starta tidleg om morgonen, men alle klarte det, og humøret var det ingenting i vegen med. Fin tur med båten frå Larvik til Hirtshals, så drog vi rett til Aalborg bibliotek. Her litt frå inngangspartiet:







Aalborg bibliotek er STORT. Det vart bygt i 1980 etter det eg forstod, og det har skjedd store endringar i synet på korleis eit bibliotek skal vera. Vi fekk sjå gamle bilete, dei viste eit svært rom der ein vart møtt av ein mur av bokhyller. No vart vi møtt av dette:





Ved informasjonsskranken ligg Zonen, området der ein kan gjera gode "varp", her kan ein koma over nye bøker med 14 dagars lånetid. Desse bøkene kan ikkje reserverast, så her må ein berre vera på rett plass til rett tid... Og det fungerer, fortalde Sonja og Ove, desse bøkene sirkulerer!

Mat fekk vi også. God mat i kafeen ein etasje ned. Og det er heilt i orden å ta koppen med, altså. Og å forsyna seg av bøkene som står utstilt.




I underetasjen låg magasinet, der såg det ut som godt, gamaldags boklager (det finst dei som meiner det er slik bibliotek skal sjå ut...) Og visst er det praktisk å ha bøkene systematisk samla, men dette er ingen publikumsmagnet...



Slik var inntrykket i det store hovudrommet, lyst og ope:



Langs hovudrommet var det mange mindre rom, dei var lagt til rette for ulike grupper, og her var mange fine utstillingar og godt med sitjeplassar. Og sovealkove. Høyrde eg noko om hygiene?



Frå musikk- og filmavdelinga hadde vi god oversikt:



Neste dag dukka vi opp på Hjørring bibliotek. Her var det kø utanfor då biblioteket opna, og eg trur ikkje det var berre for å få parkeringslapp... Bilioteket ligg nemleg på toppen i eit kjøpesenter, og parkeringslapp kunne hentast her.




Dette er eit nytt bilbiotek, og dei meiner dei har hatt flaks med tidspunktet, dei fekk sjansen til å koma inn i nytt lokale, og dei greip sjansen. Men dette biblioteket er nok ikkje berre eit resultat av flaks, dei har jammen vore flinke til å tenkja nytt også! Barneavdelinga på Aalborg bibliotek hadde fått hjelp frå IKEA, Hjørring hadde samarbeida med kunstnarane Bosch & Fjord. Ein spanande prosess med eit strålande resultat!







Litt utspekulert er det lov å vera: 90% av låning og levering utfører publikum heilt uavhengig av personalet. Publikum føretek også ei grovsortering, dei set bøkene på traller som er merka med tema/fagområde. Og naturlegvis plukker dei med seg bøker frå desse trallene... Resultat: mindre å setja på plass.

Biblioteket har sin eigen bøtteballett, og er godt nøgde med ordninga.



Fine boktitlar fann vi også:



Det raude bandet går gjennom heile lokalet - det deler opp og knyter saman - og er fint til utstillingar.



Ingen er vel i tvil om kva dette er? Neppe dyrare enn andre do-skilt, men å koma på ideen...



Hjørring bibliotek har også kafe, arbeidstrening for ungdom. Dei sel også glaskunst.



Kort sagt: ein framifrå stad for ungdom i alle aldrar!

onsdag 9. september 2009

Vi saknar Puseskatten vår...

I elleve år har vi hatt gleda av å leva saman med Sofus, og planen var at vi skulle leva saman lenge, lenge, lenge enno. Slik gjekk det ikkje. Han vart sjuk, og i går måtte vi ta den tunge avgjerda.
Vi møtte Sofus i sommarferien for elleve år sidan. Han var den siste kattungen i eit kull, dei andre kattungane hadde blitt avliva, og også Sofus hadde fått "dødsdom". Heime hadde vi allereie ein katt, Sølvi, ei riktig eigenrådig og sær dame - så vi var vel ikkje heilt sikre på om ein framand kattunge ville vera velkomen. Men han var så søt, og Sølvi ville sikkert også sjå kor søt han var.
Det er mogeleg at ho såg det - ho vart i alle fall kraftig sjalu... Dei kunne knapt nok vera i same rom, så Sofus måtte bu på kjøkkenet medan Sølvi regjerte i resten av huset den første tida. Seinare gjekk det seg til, men gode vener vart dei aldri. Sølvi sjarmerte seg inn hos ein nabo, så flytta ho, og Sofus vart sjef i huset.


Sofus har vore ein litt forsiktig pus, han har halde seg i og nær huset. Han elska å gå ut og inn, og då han oppdaga at han kunne klatra frå bakkenivå og opp på altanen vart han skikkeleg "konge".


Han fann seg ein del faste plassar der han likte å ligga, helst litt opp i høgda slik at han hadde god oversikt. Alltid når noko vart reparert eller pusla med var "Inspektør Snusen" på plass for å sjekka at alt gjekk rett for seg.


Han likte også godt å ligga bak skjermen til datamaskinen, han var reine hjelpemotoren for dataen når han sette i gang med å mala. Han likte å følgja med når eg strikka eller sat ved symaskinen også. Rundpinnane mine måtte eg pakka vekk når dei ikkje var i bruk, elles kunne han finna på å gnaga på dei... Men bortsett frå det har han ikkje gjort mykje hærverk. Tvert om: vi måtte læra oss å rydda bort alle glas etter kvart, for stod det eit glas att på bordet, så berre måtte han sjekka om det kunne dyttast utfor bordkanten.


I vår ein gong fekk eg høyra at han hadde hatt eit merkeleg anfall medan han var ute på plenen. Han hadde lege på sida, så hadde han begynt å tygga og sprella med beina, medan det skumma av spytt rundt munnen hans. Vi såg ikkje noko påfallande på ei stund. sommaren gjekk, han hadde ferieopphald på kattepensjonatet slik han har brukt å ha om somrane, og vi merka ikkje noko spesielt før ei veke etter at vi kom heim att. Då begynte han å halta på høgre frambein, utan at vi kunne finna nokon spesiell grunn til det. Vi oppsøkte veterinær, og Sofus fekk eit smertestillande middel. Men så begynte han å få fleire anfall av same type som han hadde hatt i vår. Det vart ny tur til veterinær. Vi prøvde å bryta tendensen til krampar ved å gje Vival, men han fekk fleire og kraftigare krampar. Vi kunne ha prøvd med epilepsimedisin, men kom fram til at det var lite sannsynleg at det ville gje Sofus eit godt katteliv. Den siste veka har vore tøff. Det er vondt å sjå at pus får krampar, og vi var aldeles hjelpelause. Så no har Sofus fått ei grav i hagen, og vi skal planta vakre blomar på den. Takk for at du var puseskatten vår, Sofus!

tysdag 26. mai 2009

På tur med Mikkel



Tidlegare i mai hadde eg gleda av å besøka fire danske bibliotek på to dagar, saman med mange andre bibliotekarar i Buskerud. Mikkel (6 månader) var maskot og reiseleiar, og han oppførte seg aldeles eksemplarisk!



Først var vi på det nye, flotte Hjørring bibliotek. Den "raude tråden" fungerer veldig bra - her er det plass til å laga utstillingar og til å legga fram brosjyrer og denslags.



Her kan ein laga film - det hadde vore noko det!



Og ein skrivar var kopla til mikrofilmlesaren - det var heller ikkje dumt...



Det var både sofa og gode stolar å finna mellom hyllene i magasinet, hyggelege sitjeplassar. Akkurat dette var kanskje ikkje den aller mest innbydande plassen, ein leselampe hadde kanskje gjort seg? Eg synst eg knipsa heile tida, men det er ikkje alt eg har fått dokumentert like godt, nei...



Lurt å ta ein tur innom her før situasjonen er heilt prekær...



Mellom bibliotekbesøka var det fine bussturar. Bølgande landskap, rapsmarker og vindmøller - riktig vakkert!



Neste bibliotek var Haraldslund, ein "liten" filial som låg saman med basseng og treningssenter. Biblioteket er ope for publikum så lenge resten av senteret er ope, men bibliotekarane har human arbeidstid. Alle biblioteka vi besøkte hadde basert seg på at publikum brukte automat ved lån og levering av bøker, og også at dei kunne henta reserverte bøker ved eiga hjelp. Det fungerte fint!





"Bassengfargar" er tatt i bruk også i bibliotekdelen. Her er utstyr så ein kan kle seg ut, og her er plass til å leika.



Der er no ein og annan peikefinger i Danmark og... "Ingen slik, madvarer eller drikkevarer ved pc'en" står det - mellom anna...



Neste bibliotek vi besøkte var Randers. Svært, det låg i same bygg som kunstmuseet. Hjartestartar var det første vi såg då vi kom inn i bygget... Men også her var det mange små krokar og gode idear. Her kan ein låna "weekendkoffertar", koffertar som var fint dekorert, og inneheld spel og bøker om ulike tema, tilrettelagt for ulike aldersgrupper.



Og ein brilleslange klamrar seg til skranken. Hos oss held vi oss med levande brilleslange. Bak skranken. I opningstida.



Neste dag var det Aalborg bibliotek vi besøkte, før vi skulle heim att. Dei omtaler seg sjølve som "det bogløse børnebibliotek" - det stemmer vel ikkje heilt... Men dei hadde rydda plass til data, teikneseriar, sofakrokar, plantar og hyggelege utstillingar... Dei hadde samarbeida med IKEA om innreiinga, det vart ei rimeleg løysing, og dei hadde fått mange gode tips, mellom anna om bruk av fargar og lys.



Fine veggmaleri på veg ned til magasinet.



Her står bøkene tett i tett...



Aalborg bibliotek er eit stort, lyst og flott bibliotek. Det første ein kjem til i vaksenavdelinga er "zonen". Alle bøkene her har 14 dagars lånetid. Her kan ein ikkje reservera bøker, men ein kan plukka med seg bøker i forbifarten. Her finst både populære titlar - og smale titlar, men alle bøkene står med fronten fram - til freisting for folk!



Så stille låg havet då vi reiste heim att. Og no skal vi la oss inspirera av det vi har sett. Det ender vel med at utkledde bibliotekarar tek mot vitskremte barn...

søndag 19. april 2009

Snøen trekker seg tilbake...



og blåsymra poppar fram. For ei veke sidan såg eg den første leirfivelen, no er dei over alt...

måndag 2. mars 2009

Jakke, kjole og lue til Barbie


Jakke med raglanerme: (Jakka er strikka frå toppen og nedover.) Legg opp 25 m, strikk vrangbord, 1r, 1vr, ca 10 omg. Så over til rettstrikking, men dei to ytterste maskene i kvar side skal vera i rillestrikk (dvs strikk rett på rettsida, og rett på vrangsida.) På 3.omgang med rettstrikk: Set merke etter 5, 3, 8, 3 og 5 masker. På dei 5 neste omgangane med rettstrikk skal det aukast ei maske på kvar side av merket. Strikk to omgangar til med rettstrikk, set så maskene til erme på tråd, strikk resten av maskene vidare i glattstrikk 3 1/2 cm, så 1 1/2 cm vrangbord.
Plukk opp masker til eit erme, plukk opp tre masker ekstra på undersida av ermet. Strikk rundt, ca 6 cm i rettstrikk, så 1 1/2 cm vrangbord.
Eg har brukt baby-garn og pinnar nr 2 1/2.


Kjole: Legg opp 34 masker, strikk 3 omg rettstrikk. På neste omgang: kast på pinnen, 2 rett saman, heile omgangen, dette skal vera brettekant. Strikk så vidare i rettstrikk 8 1/2 cm, fell 6 m jamnt fordelt på omgangen. Strikk vidare 3 cm, så auker du 6 masker jamnt fordelt på omgangen, strikk vidare ca 1 1/2 cm. Fell tre masker i kvar side, det er no 14 masker igjen både på framstykket og bakstykket. Strikk nokre omgangar med rettstrikk, men rillestrikk på dei to ytterste maskene, gå så over til eit par omgangar med rillestrikk. På det eine stykket har eg laga selar over dei fire ytterste maskene på kvar side. Knapp og hempe gjer det enkelt å få kjolen av og på.
Lue: Legg opp 28 m, strikk rettstrikk 3 cm. Fell fire masker (jamt fordelt) på neste omgang. Strikk 4 omgangar mellom kvar gang du feller 4 masker, til der er 4 masker igjen. Lag ein liten dusk i enden.
Til kjolen og lua har eg brukt restar av sokkegarnet Fabel. Strikkepinnar nr 2 1/2.