onsdag 9. september 2009

Vi saknar Puseskatten vår...

I elleve år har vi hatt gleda av å leva saman med Sofus, og planen var at vi skulle leva saman lenge, lenge, lenge enno. Slik gjekk det ikkje. Han vart sjuk, og i går måtte vi ta den tunge avgjerda.
Vi møtte Sofus i sommarferien for elleve år sidan. Han var den siste kattungen i eit kull, dei andre kattungane hadde blitt avliva, og også Sofus hadde fått "dødsdom". Heime hadde vi allereie ein katt, Sølvi, ei riktig eigenrådig og sær dame - så vi var vel ikkje heilt sikre på om ein framand kattunge ville vera velkomen. Men han var så søt, og Sølvi ville sikkert også sjå kor søt han var.
Det er mogeleg at ho såg det - ho vart i alle fall kraftig sjalu... Dei kunne knapt nok vera i same rom, så Sofus måtte bu på kjøkkenet medan Sølvi regjerte i resten av huset den første tida. Seinare gjekk det seg til, men gode vener vart dei aldri. Sølvi sjarmerte seg inn hos ein nabo, så flytta ho, og Sofus vart sjef i huset.


Sofus har vore ein litt forsiktig pus, han har halde seg i og nær huset. Han elska å gå ut og inn, og då han oppdaga at han kunne klatra frå bakkenivå og opp på altanen vart han skikkeleg "konge".


Han fann seg ein del faste plassar der han likte å ligga, helst litt opp i høgda slik at han hadde god oversikt. Alltid når noko vart reparert eller pusla med var "Inspektør Snusen" på plass for å sjekka at alt gjekk rett for seg.


Han likte også godt å ligga bak skjermen til datamaskinen, han var reine hjelpemotoren for dataen når han sette i gang med å mala. Han likte å følgja med når eg strikka eller sat ved symaskinen også. Rundpinnane mine måtte eg pakka vekk når dei ikkje var i bruk, elles kunne han finna på å gnaga på dei... Men bortsett frå det har han ikkje gjort mykje hærverk. Tvert om: vi måtte læra oss å rydda bort alle glas etter kvart, for stod det eit glas att på bordet, så berre måtte han sjekka om det kunne dyttast utfor bordkanten.


I vår ein gong fekk eg høyra at han hadde hatt eit merkeleg anfall medan han var ute på plenen. Han hadde lege på sida, så hadde han begynt å tygga og sprella med beina, medan det skumma av spytt rundt munnen hans. Vi såg ikkje noko påfallande på ei stund. sommaren gjekk, han hadde ferieopphald på kattepensjonatet slik han har brukt å ha om somrane, og vi merka ikkje noko spesielt før ei veke etter at vi kom heim att. Då begynte han å halta på høgre frambein, utan at vi kunne finna nokon spesiell grunn til det. Vi oppsøkte veterinær, og Sofus fekk eit smertestillande middel. Men så begynte han å få fleire anfall av same type som han hadde hatt i vår. Det vart ny tur til veterinær. Vi prøvde å bryta tendensen til krampar ved å gje Vival, men han fekk fleire og kraftigare krampar. Vi kunne ha prøvd med epilepsimedisin, men kom fram til at det var lite sannsynleg at det ville gje Sofus eit godt katteliv. Den siste veka har vore tøff. Det er vondt å sjå at pus får krampar, og vi var aldeles hjelpelause. Så no har Sofus fått ei grav i hagen, og vi skal planta vakre blomar på den. Takk for at du var puseskatten vår, Sofus!

Ingen kommentarer: