søndag 24. august 2008

Gå aldri utan kart...


Med desse skorne er eg sikra... Akkurat som eg treng kart for å gå meg bort - det klarer eg fint utan hjelpemiddel. Som på turen i dag: brått og utan varsel får eg spørsmål om vi hadde gått her før, og om kor denne stien førte. Det kunne vel ikkje eg vita, vel? Eg følgde berre stien, eg... Men vakker utsikt var det, mot Holsfjorden.

Kursen vart korrigert slik at vi kom oss heim att utan altfor mange strabasar, men vi fekk no helst på nokre sauer på vegen. Og turkameraten vart kjent med ein ny sti. For meg er ny og gammal sti like gode - kvar gang...

Smelta bort?


Sola varma godt i går - endå vi er langt ute i august. Nok til at Sofus føretrekker å halda seg i skuggen.

tysdag 19. august 2008

Typisk vestlending!



"egen, sta og gjenstridig" var nokre av karakteristikkane som flagra gjennom lufta. Bakgrunn: store tekniske problem. Motoren starta, men stoppa att temmeleg kjapt. Hypotese: rusk i forgassaren.



Alle som kom innom vart spurde til råds. Brage, 2 år, har forstått problemet: "vil ikke bråke..."
Pappaen til Brage kom med ein ny hypotese: "falsk luft". Den viste seg å ha noko for seg. Etter timar med mekking og pussing starta motoren på første slag. JIPPI!!!

måndag 18. august 2008

Dagens gode gjerning...

Ikkje i dag, nei. (Har eg gjort noko som kan kvalifisera til ein slik tittel i dag? Nei, eg trur ikkje det, i dag har eg vel berre gjort jobben min, sånn heilt ordinært. På den andre sida: eg trur ikkje nokon har lidd overlast heller.) Men dette er frå i sommar. Ein dag eg var ute i 18-graders-vatnet (så fekk eg sagt det og), såg eg ein augestikkar som var i ferd med å drukna. Den ulykka fekk eg forhindra ved å ta augestikkaren opp med badetermometeret. Han vart sitjande leeeenge leeeenge på termometeret, så flaug han sin veg, glad og lykkeleg får vi tru...

onsdag 13. august 2008

Fylo

På andre sida av fjorden ligg Fylo, eller Fylingslid, som staden offisielt heiter. Namnet skal koma av "fela", som tyder å skjula. Bruka Fylo og Fylehaugen ligg høgt over fjorden, og er nesten usynlege frå fjorden. Vegen opp er bratt og går i trappetrinn. Det budde folk på Fylo fram til slutten av krigen, men bakkane vart slått mange år etter dette. Framleis kan ein såvidt sjå bakkane på Fylo, men dei vert mindre og mindre synlege no. Til venstre i biletet, omtrent der det har gått ras i fjellsida, var det tidlegare ei laksegilje. Skyformasjonen bak fjellet ser dramatisk ut, men det er nok berre vassdamp.

Laksegilja på Røyrtangen

Laksegiljer (utt: -jilje) er spesielle byggverk som har vore brukt langs Bolstadfjorden, Osterfjorden og Veafjorden. Dei vart brukt til å fanga laks med sitjenot. Fiskarane sat oppe i gilja, når dei såg laksen kom inn i nota, kunne dei utløysa tauverk og steinar slik at dei fekk stengt laksen inne. Så var det ned stigane og ut med båt for å få laksen opp. Røyrtangen ved Stamnes var ein særs god fiskeplass. Rekorden skal vera på 69 laksar på ein dag. Diverre veit eg ikkje kva år dette var, men det er nok forlengst historie. No er det knapt ein villaks att i desse fjordane...

Klåravasskjelda

Drikkevatn hentar vi i ei kjelde som ligg under flomålet, sjøen flør altså opp i kjelda. Det må altså litt planlegging til, vatnet må hentast når det er fjøre sjø. Etter ruskever må ein ofte ommøblera litt på steinane slik at det skal vera enkelt å ausa opp vatn. Men betre vatn finst ikkje - kaldt, friskt og fullstendig utan saltsmak.

Askaneset

Alltid vakker utsikt, anten det er morgon, på dagtid, kveld eller natt. Og i alle slags ver...



Skakkhammaren

Bak dette huset ligg Skakkhammaren. Lenge trudde eg det heitte Skattkammaren - inspirert av bokverket Mitt skattkammer. Eit bokverk som nok har vore med på å få meg hekta på bøker...



Kalosjediket

Namnet er ikkje tilfeldig. Greit å passera når det er tørt - ikkje fullt så greit når det har regna tett eit par dagar...