fredag 29. februar 2008

Ting 8, 9 og 10

Har no lese om ting 8, 9 og 10. Har lagt inn RSS-abonnement på Språkteigen og Boktilsynet. Ser at eg har meir å øva på når det gjeld å legga inn video, men kva skal eg med privat radiosendar? For meg er det berre ein radiostasjon som er verd å høyra på: nrk P2. Av og til er det godt å kvila øyro litt og.

Og atter trening...

I går var andre kursdag. Fin oppsummering av det vi har vore gjennom så langt, mellom anna om å legga inn video. Eg fekk bekrefta det eg alt har oppdaga: at kontrollen med videolinja er så som så, og at det kan vera ganske vanskeleg å få kopiert heile URLen til videoen som skal inn. Og at film-ikonet er for innlegging av privat-film.

Og så gjekk det opp for meg at dersom ein skal koma rett inn i filmen kan ein ikkje ha tekst rundt URLen i innlegget. Så no prøvde eg utan tekst (rett under her), men i dette tilfellet får eg likevel lenke i innlegget. Men skal ein få digitale musklar nyttar det ikkje å gje seg...

Trening

http://www.milkandcookies.com/link/22880/detail/

onsdag 27. februar 2008

Det fungerte!

Faktisk! Sjølv om videoar sikkert kan og bør presenterast langt meir profesjonelt... No brukte eg "kobling" og la inn URLen der. Eg har gjort ein del forsøk med å trykka på film-ikonet, men då har eg ikkje klart å få inn film. Har eg prøvd meg på for store filer, eller kva? Eg prøver på nytt: (Digital fomle-fomle). Nei, det vart berre ståande, ingen action. Er den der til bruk dersom ein skal lasta inn noko frå privat-pc, kanskje?

Litt meir enn pensum...

Har sett litt på andre sine bloggar, og kom mellom anna over bloggen til den den svenske forfattaren Christer Hermansson (han med "Ich bin ein Bibliothekar" som eg går ut frå at vi alle har hatt gleda av å lesa). Han har laga tittelmelodi (det må ein vel nesten kunna kalla det?) til boka. No prøver eg å få inn videoen her: http://vids.myspace.com/index.cfm?fuseaction=vids.showvids&friendID=157306858&n=157306858&MyToken=707dfc43-2c9e-4052-9125-3bce0f762bac. Sånn. No skal eg sjå om eg fekk dette til...

søndag 24. februar 2008

Wiki

No har eg skrive innlegg på wikien vår om ei bok eg nettopp har lese (Ingen vitner for vitnet av Christian Refsum). Innlogging var grei, men når eg først kom så langt vart eg ganske forvirra - eg brukte litt tid på å sjå kvar eg skulle gå inn for å skriva sjølv. Men omsider gjekk det eit lys opp for meg, og då var det rein plankekøyring. Vel, kanskje ikkje heilt, for eg ville ha bilete av boka. Det henta eg i Bokkilden. Først prøvde eg med "lagre som", altså å gå vegen om eigen pc, det fekk eg ikkje til, men kopi direkte frå Bokkilden gjekk smertefritt.

Eg såg også litt på film-wikien. Der vart eg i alle fall forvirra, det var berre ein drøss med lenker til ulike filmar. Då trur eg eg skal rota meg ut att på ville vegar i Facebook. Det er faktisk litt fascinerande, har treft på folk eg ikkje har sett på ei stund...

torsdag 21. februar 2008

Facebook

Så, då er eg over endå ei sperring. Har surra meg inn på Facebook, har bede om 4 vennskap. Såg litt på ulike grupper. Utvalet er stort, "den nasjonale forening mot særskriving", "strikkemafiaen", "min katt" og "boller uten rosiner" er titlar som trekker. Så langt har eg berre meldt meg inn i "23 ting". Og er utan bilete. Ikkje fordi eg ikkje kan dette med å legga ut bilete - det har sikkert alle no fått med seg. Nei, no er det personvernet. Så det så. Anomym under fullt namn.

Nytt forsøk



Fann ut at eg skulle prøva å lasta inn eit privat bilete her (no er eg dristig!) Dette er frå Veo, staden eg er frå. Sivilisasjonen er ikkje påtrengande, ingen veg - og dermed også bilfritt. Enklaste måten å koma dit er med båt. Om sommaren kan det til tider vera folksomt her, heldigvis.

Presisering

Det med at videoen breier seg over tekstfeltet når den vert vist er vel strengt tatt ikkje noko problem. Men eg skulle gjerne hatt betre (les: full) kontroll over innhaldet.

Ved seinare sjekk av videolinja har det lagt seg inn heilt andre innslag, bl.a ein fotballfjomp. Eg har aldri bestilt nokon fotballfjomp!!! Her har eg null kontroll! Dobbeltgrmf.

Ved neste sjekk var kattevideoane tilbake på plass, men det endrar slett ikkje på at eg manglar kontroll. Trippelgrmf.

Seinare har eg fjerna heile sulamitten. Eg legg heller inn videoar i innlegg når eg kjem over noko eg vil ha på bloggen.

Litt framgang...

Vel, der fekk eg inn ei bilfri videolinje, men eg synest ikkje eg har kontroll på innhaldet. Eg ba om "cat", og det har eg forsåvidt fått, men nokre av desse videoane ligg farleg nær dyrplageri etter mitt syn. Og så breier videoane seg ut over tekstfeltet, det liker eg ikkje heller. Meir grmf.

Emosjonell berg- og dalbane...

Det der med å henta bilete frå flickr fungerer. Og eg har klart å få det til, tenk det! Men då må eg naturlegvis prøva å få meg ei slik fin videolinje som eg ser andre har laga. Eg har litt sperre mot å registrera meg over alt (det er så mange adresser og passord å hugsa på, og dessutan er det skumle menn ute på nettet - har eg høyrt - og ein veit aldri kvar dei er... I det heile tatt, det er mykje å passa på.) Men eg har altså registrert meg i YouTube - og skulle prøva meg. Då eg prøvde å legga inn videolinje låg det inne nokre ekle bilvideoar - av alle ting. Dei som kjenner meg veit omtrent kva eg meiner om privatbilisme, og vil neppe mistenka meg for å velja bilvideoar. Nei, eg vil ha kattepusar og nordlys og denslags, men det var heilt umogeleg å få til.

Kanskje eg skal prøva den andre metoden, den med å lenka til YouTube. (Digital fomle - fomle). Det såg faktisk lovande ut, men så kom det opp ein dialogboks. Eg svarte etter beste evne. Det var ikkje godt nok, så eg avbraut etter ei stund. Grmf.

tysdag 19. februar 2008

Blåveis


Blåveis
Originally uploaded by Damiel
Eg var nettopp ute ein tur. Det er vårleg, men ikkje SÅ vårleg, trass alt. Men snart... Dette biletet er også frå flickr. Og det ser faktisk ut som det fungerer kvar gang.

Cat Conspiracy


Cat Conspiracy
Originally uploaded by Tjflex2

Mange fine kattebilete på flickr. Konspirasjon? Det ser meir ut som kattehimmel...

Og det fungerte denne gangen og...

Skummelt enkelt...

Dette var eg sikker på at eg skulle plundra frykteleg med (ja, ja eg har plundra litt som eg ikkje presenterer, men likevel...) Det er så enkelt, så enkelt. Har oppretta konto på flickr, og så er det berre å skriva innlegg via epost derifrå. Fungerer det kvar gong, tru?

Black Cat


Black Cat
Originally uploaded by www.denisbouchard.ca
Denne vakre katten fann eg på flickr. Den liknar veldig på katten som eg får lov til å bu hos. Mot at eg betaler husleiga...

Men katten på biletet var heimlaus, og vart teken hand om av to naboar.

RSS er på plass, altså...

Då hadde eg gjort det rett, då! Takk til Jannicke for kommentar! RSS-merket lyser så fint oppe i nettlesaren over eposten min, og fungerer heilt etter oppskrifta. Og dersom det kjem inn ei melding som eg vil dela med all verda, må eg altså mata den vidare (all verda er som kjent inne på bloggen min...)

Eg har faktisk gjort litt lekser sjølv om det ikkje er så mykje som viser her. Har til dømes nettopp site og chatta med eit tantebarn på 11 år. I tillegg til tekst har det gått både winkar og nudgar mellom oss. Og på same tid gjekk det ein drøss med SMSar mellom meg og ei venninne.

Men det er sol ute, så eg trur eg skal ut og nyta den litt, så får eg sjå om eg kan få inn nokre bilete seinare! Sidan dette med RSS var oppklart i går vart det heller flickr som vart diskutert på jobben.

laurdag 16. februar 2008

Problem med RSS

Her har det ikkje skjedd stort på ei stund. Slik er det når ein skal velja mellom likeverdige alternativ, bloglines eller google... No har eg oppretta ein google reader-konto, men då eg skulle legga den inn som sideelement gjekk ikkje det, eg kopierte adressa, men den var ikkje gyldig, fekk eg melding om. Har prøvd med å fjerna http og www, men adressa er framleis ikkje gyldig...

Så slik gjekk det, når eg endeleg hadde kome fram til at det kan vera greit å få varsel om nye innlegg på historieboka.no og plinius...

Det vert nok eit tema på jobben på måndag, dette.