torsdag 21. februar 2008

Emosjonell berg- og dalbane...

Det der med å henta bilete frå flickr fungerer. Og eg har klart å få det til, tenk det! Men då må eg naturlegvis prøva å få meg ei slik fin videolinje som eg ser andre har laga. Eg har litt sperre mot å registrera meg over alt (det er så mange adresser og passord å hugsa på, og dessutan er det skumle menn ute på nettet - har eg høyrt - og ein veit aldri kvar dei er... I det heile tatt, det er mykje å passa på.) Men eg har altså registrert meg i YouTube - og skulle prøva meg. Då eg prøvde å legga inn videolinje låg det inne nokre ekle bilvideoar - av alle ting. Dei som kjenner meg veit omtrent kva eg meiner om privatbilisme, og vil neppe mistenka meg for å velja bilvideoar. Nei, eg vil ha kattepusar og nordlys og denslags, men det var heilt umogeleg å få til.

Kanskje eg skal prøva den andre metoden, den med å lenka til YouTube. (Digital fomle - fomle). Det såg faktisk lovande ut, men så kom det opp ein dialogboks. Eg svarte etter beste evne. Det var ikkje godt nok, så eg avbraut etter ei stund. Grmf.

Ingen kommentarer: