søndag 23. november 2008

Ta ikkje alt for god fisk

når du les kriminallitteratur. I denne boka, Terbovens liste av Eirik Wekre får vi mellom anna ei lita utlegning om Harvard Business School (s 314). Her vert det hevda at George W. Bush gjekk på Harvard - det gjorde han ikkje - han gjekk på Yale. Obama, Al Gore og JFK har derimot gått på Harvard. Ikkje at det har noko å sei, altså, men rett skal vera rett!

Elles har eg vel ikkje noko å utsetja på boka. Dette er krim - og her går det unna. Enkelte kritikarar vil ha det til at helten er usympatisk, men ærleg talt: dersom ein skal ordna opp i ei slik sak som dette, så nyttar det ikkje med silkehanskar...

søndag 16. november 2008

Rydding av sti

Tre som ligg velta over stien er til plunder og heft på søndagsturen. Heldigvis er det enkelte som ser det som si oppgåve å rydda opp.


Dette var seig materie - men etter omtrent ein time var jobben gjort.

onsdag 12. november 2008

Nytt i heimen



For eit par dagar sidan var eg innom ein brukthandel. Der fann eg eit brett med reklame for Coca Cola, her i huset gjerne omtalt som "kapitalismens nektar". Brettet var fint, så det fekk vera med meg heim. Og så står det så godt til vottane eg held på med...

fredag 7. november 2008

Så syr vi litt...



Mobiltelefonen kan ha god nytte av ein sovepose når den skal ligga i sekk eller veske (eller i ei lomme for den del), blant nøklar og diverse.