søndag 26. oktober 2008

Søndagstur

Enno lyser friske fargar mot ein der ute i skogen:




I dag hugsa eg å ta på meg skritteljaren. Den viste 16640 skritt etter turen, det tilsvarer 9,98 km. Jau, den var nullstilt før turen starta, tenk! Men vi vil ikkje risikera kaloritap etter søndagsturen, så då måtte det lagast

EPLEKAKE

150 g sukker
150 g smør
3 egg
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver

4-5 eple (skrelt og delt i båtar) til fyll
Kanel til å strø på toppen

Rør smør og sukker kvitt. Ha egga i, eit om gangen. Bland i mjøl og bakepulver. Ha røra opp i ei springform, legg eplebåtar på toppen, strø kanel over.
Steik ved 180 grader i 40-45 minutt nedst i omnen.

Så, no veit eg kvar eg har oppskrifta neste gong eg vil laga eplekake!

Ingen kommentarer: