søndag 18. mai 2008

Vårstemning

I går var det riktig surt og kaldt, med snø i lufta. Det ser likevel ut til at plantane har klart seg godt i skogen. Rett nok var nokre av kvitsymrene blåfrosne, stakkars, men alt i alt er det grønt og vakkert over alt no.

Stemningsfullt i skogen

Gaukesyre

Kven bur her?

Blåfrosne kvitsymrer

Bekkeblom/soleihov

Løvetann

Maria nøkleband

Skjellrot

Blad og bregner

Hegg

Vårerteknapp (trur eg)

tysdag 13. mai 2008

måndag 12. mai 2008

Fleire vårteikn

No er det mykje vakkert å sjå i skog og mark. Eg meinte det var leirfivel, eller hestehov (Tussilágo fárfara), eg tok bilete av her om dagen, men no ser eg at det kan det ikkje vera, for leirfivelen skal ha lodden stilk, så neimen om eg veit kva det er. Men kvitsymra kan eg vel ikkje ta feil av?

Leirfivel, eller ??

Kvitsymre

Tysbast

veks i kratt og skog. Den blømer på bar kvist, blada kjem seinare. Den er giftig, men vakker...

Tysbast, bilete frå 27.04.08